Matvaregruppene

Her kan du sjå ei beskriving av dei ulike matvaregruppene og kvar næringsstoff dei innheld

Get Started. It's Free
or sign up with your email address
Matvaregruppene by Mind Map: Matvaregruppene

1. Fisk og sjømat

1.1. Fisk og sjømat gir oss protein og mange andre næringsstoff

1.2. Mager fisk gir oss jod og fleire vassløyselege vitamin

1.3. Feit fisk gir oss umetta feitt og vitamin D

2. Mjølk og meieriprodukt

2.1. Mjølk og meieriprodukt gir oss mellom anna protein, kalsium og jod

2.2. Feite meieriprodukt inneheld metta feitt

3. Kjøt og innmat

3.1. Kjøt gir oss mellom anna protein og jern

3.2. Feit kjøtprodukt gir oss metta feitt

4. Margarin, smør og oljar

4.1. Margarin, smør og oljar inneheld hovudsakleg feitt. Dei inneheld òg feittløyselege vitamin

4.2. Oljar inneheld umetta feitt

4.3. Smør inneheld mest metta feitt

4.4. Mjuke margarintypar inneheld meir umetta feitt enn harde margarintypar

5. Kornvarer og poteter

5.1. Med kornvarer meiner vi til dømes brød, knekkebrød og pasta. Ris og mais er òg korn

5.2. Kornvarer er hovudkjelda til karbohydrat i kosten vår

5.3. Grove kornprodukt inneheld meir fiber og vitamin og mineral enn fine kornprodukt

5.4. Poteta gir oss stivelse, fiber og vitamin C

6. Grønsaker, frukt, bær, nøtter og belgfrukter

6.1. Grønsaker, frukt og bær inneheld lite energi

6.2. Grønsaker, frukt og bær er gode kjelder til fiber og mange ulike vitamin og mineral

6.3. Ei lita handfull nøtter kvar dag er sunt. Då får vi umetta feitt og fettløyselege vitamin.

6.4. Belgfrukter gir både fiber og protein

7. Egg

7.1. Egg inneheld mange ulike næringsstoff, mellom anna protein og jod